

Slepp meg ikkje!
Når mine auge blir lukka igjen
ser eg på ny inn i
opne blikk
som har festa seg
smil som varma meg
ei lita hand i mi
vi kommuniserte utan ord
Kor lang var vegen din hit?
Kva har
dine auge sett
før dei såg
inn i mine?
Meir enn eg kan klare
å forstå
kanskje...
eit barn av kulden
frå hotel dei tusen
stjerner
eller
ein heim som ikkje var
ein heim
men ein stad du lenge
var bunden til å vera
Der det var kaldare
innanfor
enn utanfor
på ein annan måte
Mindre
enn meg
likevel så mykje sterkare
føler eg
utan heilt å vite...
Hadde ikkje mykje
å gi
i forhald til det eg
kunne gitt
men
du ga
meg kanskje meir enn
eg forstår
og
smil som smiler i meg enno
sjølv når mine auge blir
opna igjen
kanskje
opnare enn før?
Hanna Nordbø