
Slepp meg ikkje!
Når mine auge blir lukka igjen
ser eg på ny inn i
opne blikk
som har festa seg
smil som varma meg
ei lita hand i mi
vi kommuniserte utan ord
Kor lang var vegen din hit?
Kva har
dine auge sett
før dei såg
inn i mine?
Meir enn eg kan klare
å forstå
kanskje...
eit barn av kulden
frå hotel dei tusen
stjerner
eller
ein heim som ikkje var
ein heim
men ein stad du lenge
var bunden til å vera
Der det var kaldare
innanfor
enn utanfor
på ein annan måte
Mindre
enn meg
likevel så mykje sterkare
føler eg
utan heilt å vite...
Hadde ikkje mykje
å gi
i forhald til det eg
kunne gitt
men
du ga
meg kanskje meir enn
eg forstår
og
smil som smiler i meg enno
sjølv når mine auge blir
opna igjen
kanskje
opnare enn før?
Hanna Nordbø
3 kommentarer:
*hylle Hanna* Og Vegard som veit å gjensitèr ho, førdi han og veit ka dæ betyr :)
Mett ordbekreftelsesord e førresten debibugh. Syns dæ hørtes litt gøy ut ;)
Så fint! Eit vakkert dikt!
-Synnøve
hopp og sprett. Ja dei har vel set mykje dei får ein tru. Men sikkert mykje vondt tenker e. Du får finne på no skøy me dei gutatn veit du. stå på
Legg inn en kommentar